Vestland idrettskrets

Vestland idrettskrets

Del

Idrettskretsen består av alle idrettslag, idrettsråd og særkretser tilsluttet Norges idrettsforbund innen Vestland.

05/06/2026

✨Ingri Sørbøen er ny rådgjevar i Vestland idrettskrets✨

Vi er glade for å ønskje Ingri Sørbøen velkommen som ny rådgjevar i Vestland idrettskrets. Ingri kjem frå Ål i Hallingdal og er no på flyttefot til Førde saman med sambuaren sin. Ho har bakgrunn som lærar, med vidareutdanning i aktiv omsorg frå HVL og mastergrad i folkehelse frå NTNU.

Gjennom utdanning og arbeid har Ingri opparbeidd seg solid kompetanse innan fysisk aktivitet, oppvekst, inkludering og folkehelse. Ho har arbeidd som lærar, og kjem no frå stilling som koordinator for Trygg Oppvekst og BTI (betre tverrfagleg innsats) i Hallingdal. Der har ho arbeidd med tidleg innsats og samarbeid på tvers av fagmiljø og tenester.

Ingri er særleg oppteken av korleis idrett og fysisk aktivitet kan bidra til meistring, fellesskap og deltaking for barn og unge. Sjølv har ho vore aktiv fotballspelar og skiskyttar. No beskriv ho seg som ein eventyrlysten tur-entusiast. Dette er erfaring og engasjement vi ser fram til å få inn i arbeidet vårt i Vestland idrettskrets.

📅Ho startar opp den 17. august ved kontoret i Førde.
Velkommen til oss Ingri!

27/05/2026

Photos from Vestland idrettskrets's post 23/05/2026

Idrettsglede for alle - gå i prideparaden med idrettslaget ditt!

Vil du plassere din organisasjon på toppen av Frivillig Organisasjon-listen i Bergen?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Adresse

Bergen

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:45
Tirsdag 08:00 - 15:45
Onsdag 08:00 - 15:45
Torsdag 08:00 - 15:45
Fredag 08:00 - 15:45