Magasin Romsdal

Magasin Romsdal

Del

Kom nærare Rauma med Magasin Romsdal! Velkomen til marom.no 😊

Photos from Magasin Romsdal's post 29/05/2026

⚽️

Med tromme, ropert, og eit enormt heimelaga ÅIF-flagg står ein energisk og oppfyrt gjeng med unge supporterar på sidelinja, klare for å heie heimelaget til siger i NM-kvaliken på heimebane.

– ÅIF skal vinne imot Rosenborg, roper dei i kor. Det er det som skal skje i dag. – Dei er best!

Sjå bileta frå kampen på marom.no!

Tekst: Stig Bruksås
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 27/05/2026

🐎

I helga arrangerte Working Equitation Møre og Romsdal (WEMR) årets første todagarsstemne i Isfjorden, og tjue ekvipasjar deltok.

Sjå bildeserie, og få med deg stemninga, på marom.no!

Tekst: Stig Bruksås
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 26/05/2026

🐎

I helga vart årets første todagarsstemne i working equitation arrangert i Isfjorden.

Éin av dei tjue ekvipasjane som stilte til start bestod av 13 år gamle Ragna Lothe Eilevmo og fjordingen Maja, som straks er 23.

Les om Ragna og Maja på marom.no!

Tekst: Stig Bruksås
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 25/05/2026

Bli med bak kulissane når 3. gardekompani har oppvisning på Øran Stadion.

Onsdag hadde 3. gardekompani i Hans Majestet Kongens Garde framsyning for fleire hundre frammøtte på Øran stadion.

Sjå biletserien på marom.no!

Tekst: Stig Bruksås
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 22/05/2026

🎉

Russedåp for raumarussen: Del 2

På Kammen er russedåpen no godt i gang.

Skumringa ligg tett rundt dåpsfesten, og russen fordriv kveldskulda med dans, drikke, latter, klemming og slik moro som fell russen naturleg.

Hegrene, som hekker nokre meter over gapahuken, i grantrea som teikner djupe skuggar imot den mørkeblå himmelen, må gjere endringar i kalenderen.

Dei forventa nok russedåpen natt til første mai, som har vore tradisjon.

Bli med på feiringa på marom.no!

Tekst: Stig Bruksås
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 21/05/2026

Som 14-åring så Gustav konserter med gardens musikkorps på Åndalsnes og drømte om at han en dag ville være med der.

Og sånn ble det.

– Å få vise fram hva vi kan til folk du har kjent i 19 år er veldig kjekt.

Møt Gustav på marom.no!

Tekst: Ragnhild Bakke
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 20/05/2026

Magasin Romsdal har no over 200 abonnentar! 🎉

Tusen takk for det, og tusen takk til alle som er med på å spreie ordet om Rauma sitt eige folke- og kulturmagasin!

Magasin Romsdal har stor vekt på foto, og målet no er å lage to til tre artiklar i veka. Dei skal vise ei anna side av Rauma, eller viser kjende sider av Rauma på ein litt annan måte. Etter kvart som det blir fleire abonnentar, vil det også bli fleire artiklar.

For 79 kroner i månaden kan du også abonnere, og støtte ditt heilt eige lokale nettmagasin om folk og kultur.

Du finn Magasin Romsdal i nettlesaren din, på marom.no. Velkomen! 😃

Photos from Magasin Romsdal's post 18/05/2026

🇳🇴

Som eit rede er lysninga i skogen, der veblungsnesingane, omgjeve av bjørketre på sitt aller mest grøne og vårlege, feirer nasjonaldagen.

Bli med på turen frå breidda av Romsdalsfjorden til feiring i sjukehusskogen på marom.no 🌲🌳🇳🇴🌳🌲

Tekst: Stig Bruksås
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 17/05/2026

🇳🇴

17. mai samla Åfarnes heile nordsida til felles markering av nasjonaldagen.

Målet var å få nordsidas lengste barnetog gjennom tidene, og støttande krefter kom frå dei blå-og kvitkledde i Åndalsnes og Isfjorden skolekorps.

Korleis gjekk det? Sjå bilete ifrå feiringa på marom.no 🍦🌭☀️🇳🇴

Tekst: Stig Bruksås @
Foto: Stig Bruksås

Photos from Magasin Romsdal's post 15/05/2026

Del 1 av 2

Seint torsdag kveld rullar dei gjennom raumaskumringa.

Dei raudkledde. Dei blåkledde.

I gamle bilar måla for fest og feiring. Kursen går mot Kammen, og seremonien som skal foregå der.

Russedåpen.

Bli med på russedåp på marom.no!

Tekst: Stig Bruksås
Foto: Stig Bruksås

Vil du plassere din bedrift på toppen av Mediafirma-listen i Åndalsnes?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Nettsted

Adresse


Åndalsnes