Entrée
Entrée (est. 2009) is an independent, non-profit gallery in Bergen, Norway.
12/03/2026
Siste visningsveke for Marthe Minde - Ljospost! Utstillinga er open 12–16, torsdag-søndag. Siste visningsdag er 15.03.
Verka i denne utstillinga er ein del av Marthe Minde sitt pågåande doktorgradsarbeid ved Kunsthøgskolen i Oslo. I doktorgraden leitar ho etter nye teknikkar for å veva tredimensjonalt, ho utforskar lokalt vevmateriale, og ho undersøkjer lyriske tekstar i møte med vovne verk. Rokk og flatvevstol er hovudreiskapane hennar, og materialbruken er tett knytt til landskapet ho kjem frå.
Ho sirklar seg inn på barndomsdalen og leitar etter nytt vevmateriale i vegkanten, skogen og badevatnet. Ho grev opp røter, flettar siv, spinn ull og sankar kvae. Dei lokale materiala tek ho med seg inn i vevstolen og byggjer lag på lag. Med formskorne treplater, oppkutta vevskeier og spennreimer lagar ho lommer og pressar inn ulike former i vevnadane. �
Doktorgradsprosjektet er eit eksperimenterande og undersøkjande arbeid som testar grensene for kva ein kan få til med fleirlagsveving. Prosjektet byggjer på vevteknikkar Minde har utvikla tidlegare, og gjennom doktorgraden søkjer ho nye teknikkar og fremjar problemstillinga: Korleis kan ein utvikla tredimensjonal veving og skapa nye visuelle uttrykk med ein manuell flatvevstol?
05/03/2026
Lyktene i Marthe Minde si utstilling ‘Ljospost’ er vovne flatt på ein manuell flatvevstol, og kan faldast ut til eit romfang når ein løyser dei frå vevstolen. Trådane er handspunne, svart spælsauull. Lykteglasa og delar av ulla er dekte av grankvae. Renningstrådane objekta er vovne av, omsluttar dei lik eit slør av tungt vestlandsregn. Tynne trådar held det heile og kviskrar om den skøyre tilhøyrsla. �
Tittelen Ljospost kan lesast på fleire måtar. Ordet post kan visa til ein stolpe, ei støtte, ein tilvist stad for vaktteneste, eller noko ein får tilsendt. I ein avisartikkel om ei redningsøving av Røde Kors vert ordet lyspost nytta: «Jeg satt på lyspost fra klokken fire i natt til åtte i dag morges. Da sitter vi og med lys, slik at savnede kan se oss hele natten».
Utstillinga er open torsdag-søndag, 12-16, fram til 15. mars.
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Type
Kontakt bedriften
Telefon
Nettsted
Adresse
Markeveien 4B
Bergen
5012
Åpningstider
| Onsdag | 12:00 - 17:00 |
| Torsdag | 14:00 - 12:00 |
| Fredag | 12:00 - 17:00 |
| Lørdag | 12:00 - 17:00 |
| Søndag | 12:00 - 17:00 |