Kjell Inge Torgersen
Mannen bak ABC-lista NRK-låtane 'Eg fant ein ring', 'Hud' og 'Samme sol'. Offisiell side for sanger, tekstforfatter og låtskriver Kjell Inge Torgersen.
28/05/2026
La meg få framsnakke denne karen ei lita stund. Er du _bittelitt_ interessert i musikk? Og lurer litt på kven dei er, dei som som står bak det som skjer, vil du ikkje angre om du les litt vidare.
Denne mannen heiter Ruben Dalen – her i kjent positur bak trommene. Og av dei eg kjenner, er han ein av dei som hardast jobbar på sin studio-tan. For denne mannen finn du ofte i studioet sitt i Black Box i Oslo – og alt som kjem ut derifrå har verkeleg fortent all skryten han får rundt omkring.
Som for eksempel Spellemann han fekk i 2023 som produsent av albumet til Adam Douglas.
Eller DN som skriver at han er: "en av de fremste trommeslagerne i landet".
Eller tilbake i 2013, da Adressaavisa, Dagbladet og mange fleire kalte det han gjorde med Loch Ness Mouse for "fullkommen poplykke", "den beste norske popplaten du får høre i år", "oppsiktsvekkende, i alle ordets betydninger".
For Ruben har holdt på i mange, mange år, omtrent frå han fekk sine fyrste trommestikker som 7-åring, og sin fyrste Amiga som 12-åring, og han er den typen som tileigner seg stadig nye ferdigheiter foran Macen og outboard-miksekontrollbordet, og dette kjem mange, mellom andre meg, til gode, igjen og igjen.
Og nå har han ENDELEG fått seg ei nydeleg nettside – og er du geimet for å få laga fet musikk, bør Ruben stå på lista over dei du tar ein prat med. Sjekk linken til nettsida i kommentarfeltet.
For meg har han tidlegare co-produsert "Mudderlys"-albumet, cover-låtane eg har gjort av "Kan 'kje finna fingen" (Svein Tang Wa / Stavangerensemblet) og Finn Kalviks "Aldri i livet".
Saman held Ruben og eg nå på med nytt album, i lag med produsent Stian S. Hansen. Du har sikkert allereie høyrt Den som gir, Håp i det fjerna, Varder og Månefall? Ikkje? IKKJE? Sjekk dei ut, og høyr det soniske landskapet denne fyren tryller fram.
Som mikseteknikar er han også enormt kompetent, og sjekker du "Selected Work" på nettsida hans, er det bare å stikke hånda i chipsposen og lytte seg gjennom ei masse – og ganske forskjellig – snadder. Og det er vel akkurat dét: denne fyren er glad i … musikk! Alle typar musikk. Dét er også ein av grunnane til at han er inspirerande å jobbe med, i tillegg til at han har struktur og pågangsmot til å halde ting varmt når du sjølv kanskje har gravd deg litt for langt inn i dyna.
Her er eit par tips til ting han han har lagt hendene sine over nyleg – og som kanskje har gått under radaren din:
• sjekk siste albumet til Litangen LITANGEN (miks)
• sjekk dei fine pop-låtane til MOIR (miks)
• sjekk ut "So Many Things" av Kristin Dahl (produsent)
04/05/2026
Så gøy, då! TIDAL har lagt "Den som gir" inn på den redaksjonelle lista deira, "Ukas Brygg".
Sjekk ut:
https://tidal.com/playlist/6caf16ed-8acd-4a1b-9e78-c5006abb58be
daWorks
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Type
Telefon
Nettsted
Adresse
Ryfylkegata 45
Stavanger
4014